+
Medlemsprofil

Jens Hauge

FØDSELSDAG: 1953

BY: Lærdal

EPOST: jens@jenshauge.com

BIO

Jens Hauge (fødd i 1953 på Hauge i Lærdal) er ein norsk fotograf og biletkunstnar. Han debuterte i 1976 med separatutstilling i Galleri 1 i Bergen, og har sidan den gongen hatt stor utstillingsaktivitet i inn- og utland. Frå byrjinga av har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskapsbilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som nådde eit høgdepunkt i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 1987, eit samarbeid med dei tre andre fotografane Per Berntsen, Siggen Stinessen og Johan Sandborg. I den seinare tid har Hauge fotografert landskap med leikehytter (Utsiktspunkt og gøymestad) og landskap tekne i fart frå buss (Gjennom.no), men òg dei nære landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar samstundes, over tid. Les meir HER.