Nyheter

Boklansering: Vegen heim til Svartskog

Link til Facebook-event

Velkommen til lansering for Geir Egil Bergjord og Arild Reins VEGEN HEIM TIL SVARTSKOG.

Bildekunstnar Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein skal samtale om prosessen med den nye boka si. Ordstyrar er forlagsredaktør David Aasen.

Om boka: Dei folketomme og urovekkande nattfotografia viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han.

Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.

I VEGEN HEIM TIL SVARTSKOG dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.

siste