19.03 - 29.05.2016
Svingdør, vitrineskåp og vassflater
Bryne kunstforening og Hå gamle prestegard
Offpiste og Kerrs pink
Langs fylkeveg 44, mellom Bryne og Hå
Åpner 19.03 kl12.00 (Bryne) og kl14.00 (Hå)
Pressemelding:
Denne våren kan du oppleva utstillingar med Geir Egil Bergjord i Bryne Kunstforening og på Hå gamle prestegard samstundes. Bergjord vender blikket mot nærmiljøet og har laga utstillingar med tanke på dei ulike visningsromma.
Ved å fokusere på detaljar som for dei fleste går hus forbi, har Bergjord skapt fleire nye arbeid. Han har gitt dei detaljrike og komplekse biletflatene nøkterne titlar som ikkje gir anna informasjon enn kva han i utgangspunktet har fotografert: Vitrineskåp i biologisalen, Eit utval vassflater og Svingdør på Sandnes 1-5. Fokus på reflektive flater går igjen, men det er først og fremst den bevisste bruken av romma som bind dei to utstillingane saman. Val av motiv, teknikk, format og montering er her gjort med tanke på å utnytte lys og rom på kvar stad.
I Bryne kunstforening har Bergjord tapetsert fotografia på kvar sin skiljevegg i utstillingslokalet slik at veggene vert til bilete som heng frå taket. I utstillingslokalet på Hå gamle prestegard er fotografia montert både vertikalt og horisontalt og flyttar slik grensene for kva som er opp og kva som er ned. På løa syner Bergjord fleire videoarbeid, mellom anna Utsnitt frå møllefossen på Bryne; ein video med to store speglar plassert framfor som dannar eit «live size» kaleidoskop. På avstand ser betraktaren projeksjonen av av fossen. På nært hald oppstår flyktige formasjonar i spegelflatene. Installasjonen understreker Bergjords strategi som fotograf; betraktaren sitt utgangspunkt er avgjerande for korleis ting ser ut.
Langs vegen frå den eine utstillinga til den andre, møter publikum delprosjekta Offpiste og Kerrs Pink. Desse prosjekta kommenterer det jærske fenomenet med å bruke kjelvene langs riksvegen som oppslagstavler.
Begge utstillingane opnar 19. mars. På opningsdagen vil det bli satt opp maxitaxi mellom Bryne kunstforening (opning kl 12.00) og Hå gamle prestegard (opning kl 14.00). Utstillingane blir opna av kunsthistorikar og kunstkritikar Erling Moestue Bugge. Dokumentasjon frå dei to utstillingane, samt prosjektet langs vegen, vil bli samla i ein felles katalog med tekst av Øivind Storm Bjerke, professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo.
Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Billedkunstnernes vederlagsfond. Delprosjektet langs fylkesveg 44 er støtta av Rogaland fylkeskommune og blir gjennomført i dialog med Statens vegvesen og grunneigar.
Geir Egil Bergjord bur og arbeider i Stavanger. Arbeida hans tek ofte utgangspunkt i forholdet mellom det heimlege og offentlege. Bergjord er kjøpt inn av Stavanger kunstmuseum, Norsk kulturråd og Bergen Billedgalleri (nå ein del av KODE – Kunstmuseene i Bergen). Bergjord har stilt ut på ei rekkje gruppe- og separatutstillingar både nasjonalt og internasjonalt og gitt ut fleire fotobøker.
KERRS PINK
22 fotografi i varierande storleik spikra til pallar og gjerdestolpar ved innkjørselen til Hå gamle prestegard. Tittel, montering og plassering refererer til gardsutsal på Jæren sin måte å reklamere for varer på. Då med påskrift som «egg», «lefse», «poteter» eller «kerrs pink» som går for å vera den beste poteta. Men mine «skilt» har ingen tekst, berre utsnitt av ein knust rød kopp, plassert i terrenget slik at dei bryt med omgivnadene.
OFFPISTE; HOMMAGE À FLORENCE HENRI
Fotografi i 2x3 meter plassert langs vegen mellom Bryne kunstforening og Hå gamle prestegard. Bileta viser ein mannsperson (underteiknaren sjølv) i varierande positurar på ei spegelflate. Fotografert ovanfrå gjer det illusjonen av ein vektlaus mann. Forutan å tangere tematikken med reflektive flater, som går igjen i utstillingane på Bryne og Hå, føyer prosjektet seg inn ein tradisjon av sjølvportrett tekne med fjernutløysar. Offpiste refererer til skiuttrykket for alpin laussnøkjøring utanfor preparert løype. Florence Henri (1893–1982), sentral i Paris sitt avantgarde fotomiljø på 1920-tallet, var kjent for sin bruk av spegel i utforsking av rom både i abstrakte komposisjonar og i sjølvportrett. Eit besøk på Jeu de Paume (Paris) sin posthumt retrospektiv med Florence Henri i fjor, gav meg ideen til å inkludere ein hommage til henne i prosjektet mitt.
Utstillingane opnar 19. mars som eit samarbeid mellom dei to institusjonane. På opningsdagen vil det bli satt opp maxitaxi mellom Bryne kunstforening (opning kl 12.00) og Hå gamle prestegard (opning kl 14.00). Utstillingane blir opna av kunsthistorikar og kunstkritikar Erling Moestue Bugge. Dokumentasjon frå dei to utstillingane, samt prosjektet langs vegen, vil bli samla i ein felles katalog med tekst av Øivind Storm Bjerke, professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo.