Nyheter

UTSTILLING: INGERID JORDAL - SHE HUNTS

I mars har CYAN galleri gleden av å presentere fotografen Ingerid Jordal sitt dokumentarprosjekt "She Hunts" som er på utstillingsturné rundt i Norge.

Siden 2017 har fotografen fulgt jegere over store deler av landet. Kvinner mellom 20 og 91 år har tatt henne med på jakt, etter elg i Øst-Finnmark, hjort i vestlandsliene, rådyr i øst og rein på Hardangervidda. I denne utstillinga møter du mange av de. Utstillingen er på turné gjennom Norge, har vært stilt ut ved Helsinki Fotofestival i 2021 og ble nettopp valgt ut som nominert fotoprosjekt til Belfast Fotofestival.

-For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne på Facebook. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Derfor byrja eg å undersøka kva det vil seie å vera ein kvinneleg jeger. - fotograf Ingerid Jordal

She Hunts er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. Liv og død er grunnlaget for prosjektet. Fotografiet eg såg av den gravide jegeren som nett hadde tatt eit liv, poengterte ein kontrast eg ikkje sjølv var medviten om frå før av. Dette har eg hatt som ledetråd undervegs i arbeidet. Eg har jobba bevisst med å utforska det feminine uttrykket mot det "brutale" aspektet ved jakt, og freista å skapa fotografi som har denne dualiteten i seg. Målet er å utfordra førestillingar og oppfatningar av kva ein jeger er, og utvida rommet for kven som bruker utmarka, og korleis dei gjer det. Den stereotypiske oppfatninga om at "menn jakter, kvinner plukker bær" (problematisert i Aase Kristine Lundberg si doktoravhandling i 2017) lever i beste velgåande, sjølv om talet på kvinnelege jegerar har auka kraftig dei siste tiåra.

«Før mi fyrste elgjakt var eg nervøs. Eg håpte egentlig at eg aldri kom til å sjå nokon elg, for då slapp eg å ta den avgjersla det er å trekka av. Då eg skaut min fyrste elg i fjor haust, vart eg overraska over kor bestemt eg var. Eg lada våpenet, fann ein god skytestilling, sikta, og skaut. Eg var fullstendig fokusert. Men etterpå klikka det jo heilt for meg.» - Mia, elgjeger, Vadsø

Turnédatoer:
CYAN galleri i Oslo - 25-27. mars 2022
USF Verftet, Bergen - 26. april – 16. mai 2022
Agatunet, Ullensvang - 21. mai – 3. august 2022
Norsk Skogmuseum, Elverum - 10. august –26. november 2022

Med støtte fra Kulturrådet, Kunstsentrene i Norge, Norsk fotografisk fond, Norske billedkunstnere, Fritt ord, Bergesenstiftelsen og Vestland fylke.

siste