Nyheter

Utstilling: Signe Christine Urdal - PUST

VELKOMEN TIL OPNING AV HAUSTENS UTSTILLING PÅ HÅ GAMLE PRESTEGARD

LAURDAG 14 SEPTEMBER KL. 14.00.

Signe Christine Urdal
PUST
Fotografi / video / installasjon

Kl. 12.00: Dørene opnar
Kl. 14.00: Opning av kunstutstillinga ved Valentinga Martinez Mariscal (dagleg leiar ved Rogaland kunstsenter). Servering av forfriskingar.

OM UTSTILINGA:

Signe Christine Urdal : I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Signe Christine Urdal utstillinga PUST. Utstillinga viser fotografi, installasjon, videoverk, lyd, samt at det er laga ein eigen publikasjon til utstillinga (med tekster av lege og forfattar Audun Myskja og professor i humanistisk helseforskning og psykososiale studier Birgitta Haga Gripsrud).

Dette er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende hjem» (2017), der kunstnaren utforskar temaa identitet, tilhøyre og forholda mellom liv og død.

Motivasjonen bak kunstprosjektet er å utforska dei utfordringane eit menneske kan stå ovanfor i ulike livssituasjonar, samt reflektera og bevisstgjere seg kring eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå.

Lydverket i utstillinga er laga i tett samarbeid med komponist og musikar Arne Hiorth. Hiorth har i mange år nytta lyden av pust som del av sitt lydbilete - som óg er ein naturleg del av å skapa lyd på hans hovedinstrument trompet.

SIGNE CHRISTINE URDAL er biletkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole etter ein bachelorgrad i sosialantropologi og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og starta sin karriere som assistent for Dag Alveng. Urdal arbeider prosjektbasert med fotografi, video og installasjon som eit medium til å utforske mellommenneskelege tilstander knytt til identitet. Med bakgrunn frå sosialantropologi er hennar kunstnariske motivasjon eit personleg engasjement, politisk og sosialt.

Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen og har sidan stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar har mellom anna vært utstilt hjå Fotogalleriet, Bryne kunstforening, Spriten kunsthall, Preus Museum, Rogaland kunstsenter, Galleri Sølvberget, Tou ølhallene, Skur 2, Førde kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Haugesund Billedgalleri, Stavanger kunstforening, Galleri Giga, Terminal 08 Gallery i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina.

Signe Christine Urdal - Visual artist | (scurdal.com)

MØT KUNSTNAREN I MONTERINGSVEKA.

Pressefolk er velkomne i monteringsveka for å møta kunstnarane eller for å få meir informasjon om utstillinga. Kunstnaren kan treffast i perioden 9. – 13. september.

Ta kontakt viss de vil gjera ein avtale.

Utstillingen står fram til 3.11.2024

KONTAKT

Dagleg leiar, Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug: IngunnSirevag.Nord-Varhaug@ha.kommune.no

Tlf.: 51791660

Kurator/programansvarleg, Janne Weisser: janne.weisser@ha.kommune.no

Tlf.: 51791660.

Nettside: https://www.hagamleprestegard....

Facebook: https://www.facebook.com/hagam...

siste